Over 1,8 milliardar og full momskompensasjon til frivillige organisasjonar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Før jul mottek over 21 500 frivillige lag og organisasjonar full momskompensasjon. Årets utbetaling er ein auke på 130 millionar kroner frå i fjor og alle frivillige lag og organisasjonar får tildelt heile den godkjente søknadssummen. Samla beløp er 1 815 millionar kroner.

– Regjeringa prioriterer frivilligheita og vi har sikra full momskompensasjon allereie i år! Dette er det første året sidan ordninga blei innført at alle får utbetalt heile den godkjente søknadssummen, og det er eit stort løft for frivilligheit, idrett og kultur. Dette er frie middel som betyr mykje for at organisasjonane kan halde verksemda gåande i desse krevjande koronatider, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Ordninga når heile breidda av organisasjonar innafor kultur, idrett, frivilligheit,  trus- og livssyn. Aktivitetar som kan få midlar er til dømes turgrupper og besøksvener som førebyggjer einsemd og isolasjon, leksehjelp og fritidstilbod til barn og unge, beskyttelse av dyr (dyrevernorganisasjonar), musikktilbod til barn- og unge, aktivitet for barn og unge gjennom idrettslag over heile landet, kunst- og kulturarrangement for barn og vaksne og midlar til omsorg, redning og beredskap. Idrett er den kategorien som får mest midlar med 650 millionar kroner, kultur og kunst får 150,7 millionar kroner i 2021.  

Over 40 prosent av mottakarane får tildelt meir i 2021 enn dei fekk i 2020. Fleirtalet av mottakarane er regionale og lokale lag og tildelinga betyr mykje for lokal aktivitet.

Mange av dei ulike kategoriane av mottakarorganisasjonar får tildelt meir pengar enn i fjor. Mellom anna har sosiale tenester ei auke på 18 prosent, trus- og livssynsorganisasjonar har ei auke på 16 prosent og idrett har ei auke på om lag 2 prosent.

Sjå oversikt over mottakarar og fleire nøkkeltal på Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside: Nøkkeltal momskompensasjon på varer og tenester - Lottstift