Overlevering av rapport om samiske spesialisthelsetenester
Nyheit | Dato: 12.10.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som har vurdert behovet for tiltak som sikrar at staten tek vare på si forplikting med å tilby spesialisthelsetenester ovanfor den samiske befolkninga, i tråd med ILO-konvensjonen.
Rapport om samiske spesialisthelsetenester
Sjå sendinga her
Utvalet skulle mellom anna greie ut korleis samiske spesialisthelsetenester vart ivaretekne, med særleg vekt på medråderett, deltaking og samarbeid.
Utvalet består av ni medlemmar og blir leia av professor Kjetil Mujezinovic Larsen frå Universitetet i Oslo.
Tid: Fredag 16. oktober kl. 12.00 – 13.00
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59
Pressa er velkomen til å delta. Kontakt kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Johansen.
Arrangementet blir filma av Departementa sin digitaliseringsorganisasjon (DIO), og ein vil kunne følge det direkte på denne sida. Du kan kontakte DIO på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på denne sida.