Overrekking av rapport om framtidige kompetansebehov som følge av nye teknologiar
Pressemelding | Dato: 27.01.2026 | Kunnskapsdepartementet
Torsdag 29. januar får forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland overlevert ein rapport frå Kompetansebehovsutvalget. Rapporten handlar om korleis nye teknologiar påverkar framtidige kompetansebehov.
Utvalet analyserer framtidige kompetansebehov og vurderer kva kompetanse Noreg treng for å møte endringar i arbeidslivet på kort og lang sikt.
Temaet for utvalet sitt arbeid i 2024–2025 har vore digital teknologi.
Utvalsleiar og direktør i HK-dir Sveinung Skule vil presentere vurderingar av korleis samfunnet kan lukkast med å møte kompetansebehova i lys av dei nye teknologiane.
Tid: Torsdag 29. januar 2026, kl. 09.30 – 10.30
Stad: Plenumssalen i Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo
Presse: Pressa møter opp seinast kl. 09.15. Ta med pressekort og gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort).
Påmelding: Journalistar kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Kjersti Thoresen, kjersti.thoresen@kd.dep.no, tlf. 477 69 223
Presentasjonen blir strøyma på utvalet si nettside.
Les meir om Kompetansebehovsutvalget.
Spørsmål til utvalet kan rettast til sekretariatsleiar Karin Hårstad Fonn i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), karin.fonn@hkdir.no, tlf. 916 911 13.