Presseinvitasjon: Kavliprisutdeling og regjeringsbankett for Kavliprisvinnarane
Pressemelding | Dato: 27.08.2026 | Kunnskapsdepartementet
Statsminister Støre overrekker tysdag 1. september Kavliprisen i Oslo Konserthus til ti prisvinnarar innan astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. På kvelden held regjeringa ein bankett i Oslo rådhus til ære for prisvinnarane.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland er vertskap, og det er venta nær 600 gjestar.
Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation (USA) og Kunnskapsdepartementet. Årets prisvinnarar blir heidra for deira bidrag til kunnskap om korleis universet vårt blei forma, om korleis vi kan endre eigenskapane til nanomaterialar, og korleis hjernen vår kan lære så raskt.
Prisutdeling:
- Tid: Tysdag 1. september kl. 14:00
- Stad: Oslo konserthus
Regjeringsbankett:
- Tid: Tysdag 1. september kl. 19:00
- Stad: Oslo rådhus
Gjestane kjem til banketten frå kl. 17.50-18:45. Det blir høve til foto av prisvinnarar ca. kl. 18.45 ved inngangen. Det blir òg høve til å ta bilete under prosesjonen og under talane til ordføraren, forskings- og høgare utdanningsministeren, professor Brian Cox og UNESCO generalsekretær Khaled El-Enany.
Vi ber elles pressa bruke foto frå banketten, mot kreditering av fotograf.
Gjestane på banketten er frå regjeringa, Kavlipriskomiteen, norsk og internasjonal akademia, ambassadar, norsk samfunns- og næringsliv, kultur og media.
Påmelding
Påmelding for presse/fotografar til prisutdelinga i Oslo konserthus:
- Det Norske Videnskaps-Akademi, kommunikasjonsrådgjevar Trond C. Løkke t.c.lokke@dnva.no, tlf: 936 43 341
Påmelding for presse/fotografar til Kavliprisbanketten i Oslo rådhus:
- Kunnskapsdepartementet, kommunikasjonsrådgivar Anneline Svensen anneline.svensen@kd.dep.no, tlf. 924 17 351
Pent antrekk. Hugs gyldig legitimasjon med bilete (pass/nasjonalt id-kort/fysisk førarkort).