Presseinvitasjon:

Pressemeldingar

Kultur- og likestillingsministeren tek imot NOU frå Likestillings- og mangfaldsutvalet

Tysdag 2. mai mottek kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen NOU frå Likestillings- og mangfaldutvalet. Utgreiinga heiter «På høy tid – Realisering av funksjonhindredes rettigheter».

Tid: 2. mai 10:00-12:00.

Stad: Kulturhuset (Laboratoriet), Oslo. Rett ved Youngstorget.

Påmelding: Vi ber alle frå presse om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan 2. mai kl. 09:00.

Statsråd og utvalsleiar Nils Kristian Bogen vil vere tilgjengelege for intervju.

Forfattarar og utvalsmedlemmane Olaug Nilssen og Bjørn Hatterud vil lese utdrag frå bøkene sine. I tillegg vil Proba Samfunnsanalyse lansere rapporten «Samfunnsøkonomiske gevinster ved økt sysselsetting av personer med funksjonsnedsettelse – en oppdatert analyse», som er bestilt av utvalet.

Arrangementet er ope for alle. Det blir enkel servering.