Pressekonferanse om situasjonen som følgjer av krigen i Ukraina

Statsminister Jonas Gahr Støre, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl inviterer til pressekonferanse om regjeringas arbeid knytt til krigen i Ukraina torsdag 20. oktober kl. 09.00.

Nett-tv Pressekonferanse om situasjonen som følgjer av krigen i Ukraina

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Påmelding til rvi@smk.dep.no innan onsdag 19. oktober kl. 22.00.

Oppmøte for akkreditert presse seinast 08.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. Media som ønskjer å sende pressekonferansen direkte kan kontakte DSS for publiseringspunkt på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for forsvarsministeren er kommunikasjonssjef Ingrid Dåsnes, telefon 45 24 18 74, e-post inda@fd.dep.no.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonssjef Trude Larstad, telefon 93 66 77 42, e-post trude.larstad@jd.dep.no.