Pressekonferanse om straumsituasjonen

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og olje- og energiminister Marte Mjøs Persen inviterer til pressekonferanse om straumsituasjonen laurdag 11. desember kl. 12.00.

Nett-tv Pressekonferanse om straumsituasjonen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1112 i emnefeltet. Innsendingsfrist laurdag klokka 11.30. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for presse seinast kl. 11.30. Ta med gyldig pressekort, ID og munnbind.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Pressekontakt for finansministeren er kommunikasjonssjef Therese Riiser, telefon 94 05 08 86, e-post trw@fin.dep.no.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.