Statsbudsjettet 2026
Prioriterer drift og vedlikehald av riksvegane
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa held fram satsinga på å ta betre vare på det vi har og utbetre der vi kan. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å løyve 11,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet.
– For at vegane våre skal kunne bli brukt trygt i åra framover, og for at vi skal ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett, er det avgjerande med godt vedlikehald. Dessverre har drift, vedlikehald og utbetringar vore for lågt prioritert altfor lenge. Vedlikehaldet av kritisk transportinfrastruktur har ikkje halde følgje med behovet. Det har vi prioritert å gjere noko med lenge, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Med statsbudsjettet for 2025, det første året av Nasjonal transportplan 2025–2036, var det ei historisk satsing på drift og vedlikehald. Med forslaget om å løyve 11,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2026, held regjeringa oppe nivået og styrker det reelt. Dette legg til rette for eit trygt vegnett med god framkome i heile landet.
– Ei prioritering av drift og vedlikehald medverkar til å førebyggje uønskte hendingar og redusere konsekvensane om dei oppstår. Dette er spesielt viktig som følgje av klimaendringane, med meir ekstremt vêr på nye stader, seier samferdselsministeren.
Faktaboks - riksveg
Regjeringa foreslår å løyve 11,4 milliarder kroner til drift og vedlikehald av riksveg, med ei anslått fordeling på 7 milliardar kroner til drift og 4,4 milliardar kroner til vedlikehald.
I saldert budsjett for 2025 vart det løyvd 1,1 milliardar kroner meir til drift og vedlikehald enn i 2024, i tråd med strategien i Nasjonal transportplan 2025-2036 om å ta vare på det vi har.
Med 2026-budsjettet blir det høge nivået vidareført og løyvinga blir auka med 0,6 milliardar kroner, som er ei reell styrking.