Statsbudsjettet 2026
Prioriterer auke på ein milliard kroner til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa foreslår 7,5 milliardar kroner til drift og vedlikehald og 7,9 milliardar kroner til fornying og mindre investeringar på jernbanen. I alt er dette ein auke på 1 milliard kroner, eller 7 prosent, frå saldert budsjett 2025.
– Skal folk og næringsliv velje klimavennlege tog til reiser og varefrakt, må toga kome og gå når dei skal. Store delar av dagens jernbane er gamal og har ikkje blitt teke godt nok vare på. I enkelte område, som i Oslo, er det svært mykje trafikk, slik at jernbanen raskt blir slite ned. Dette fører til feil som gir forseinkingar og innstillingar. Vi må difor halde fram med å trappe opp innsatsen innan vedlikehald og fornying. Dette vil over tid gi ein meir punktleg og driftssikker togtrafikk, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Prioriterte oppgåver i 2026 omfattar mellom anna utbetring av spor og kontaktleidningar, og fornying av dreneringsanlegg for å tilpasse jernbanen til eit villare og våtare vêr.
– Dagens jernbane må bli betre rusta til å tole ekstermvêr og klimaendringar. Fleire hendingar den siste tida med ras og flaum som har skada jernbanen, understreker at det er nødvendig å prioritere vedlikehald og fornying, seier samferdselsministeren.
I tråd med prioritering i NTP
Den foreslåtte opptrappinga i 2026 er i i tråd med prioriteringene i Nasjonal transportplan 2025–2036 (NTP) om å ta betre vare på dagens jernbane. Løyvingane til drift, vedlikehald og fornying av jernbanen blei auka med 3,2 milliardar kroner frå 2024 til 2025.
Som følgje av auka ressursinnssats og nye arbeidsmetodar har Bane NOR tidlegare rekna at innstillingar og forseinkingstimar kan reduserast med opptil 30 prosent i løpet av NTP-perioden frå 2025 til 2036.
Om drift, vedlikehald, fornying og mindre investeringstiltak
Drift er den løpande driften av jernbanen, til dømes administrasjon, trafikkstyring, drift av stasjonar, straum og vinterberedskap
Vedlikehald er reparering av infrastrukturen. Vedlikehaldet kan bli gjort førebyggande, for å unngå at det oppstår feil, eller korrektivt, for å rette opp feil som har oppstått.
Fornying er utskifting av anlegg, når det ikkje lenger er mogleg eller føremålstenleg å reparere det gamle. Manglande vedlikehald kan føre til at det raskare blir behov for fornying.
Mindre investeringstiltak er mindre tiltak, som er strategisk viktige og nødvendige for å oppretthalde tryggleiken på jernbanenettetog auke transporten av personar eller gods.