Statsbudsjettet 2026
Prioriterer effektiv og grøn transport i byane
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Samferdselsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 7,1 milliardar kroner til byvekstavtalar og andre ordningar som fremjar gode transportløysingar og klimavenlege byar.
– Effektiv og grønast mogleg framkome for alle som skal på jobb og skule er ei viktig drivkraft for god byutvikling. Med dette forslaget prioriterer vi nye tiltak for dei som går, syklar og bruker kollektivtransport, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
For å hjelpe byane med å nå målet om at auken i persontransporten skal skje til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk, har staten over fleire år brukt mykje pengar på byvekstavtalane og andre ordningar. er omfatta av ulike ordningar som skal gjere reisekvardagen enklare.
Følgjer opp behovet i byane
Forslaget til løyving på 7,1 milliardar kroner skal gå til å følgje opp byvekstavtalane, belønningsavtalane og avtalane om tilskot til klima- og miljøvennleg byutvikling i mindre byområde. Dette er i tråd med forventa behov i byane neste år. Mellom anna er behovet for tilskot til dei store kollektivprosjekta som no er under bygging noko redusert.
– Det er rom for å starte opp fleire nye, mindre investeringstiltak i byvekstavtalane som fremjar kollektivtransport, og å sykle og gå, seier Nygård.
Regjeringa set av om lag 6,2 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalane i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Prosjekt som er aktuelle for oppstart i 2026 er mellom anna tiltak for syklistar og fotgjengarar på Holmenveien–Dalsveien på rv.150 i Oslo, Leknesveien i Alver kommune i Nordhordland, rv.706 Gildheim–Leangbrua i Trondheim og Dusavikveien i Stavanger.
Til byvekstavtalane for Tromsø, Kristiansandsregionen og Nedre Glomma set regjeringa av 600 millionar kroner. Det er lagt til grunn 225 millionar kroner til belønningsavtalen for Grenland og til eventuelt å inngå ein ny slik avtale for Buskerudbyen.
Regjeringa set av 45 millionar kroner til tilskotsordninga til fem mindre byområde som ikkje er omfatta av byvekstavtalar. I 2026 vert det sett av midlar til å følgje opp dei fireårige avtalane som i 2025 blei inngått for Ålesund, Bodø og Haugesund og fastlands-Karmøy. Det vert sett av pengar til eventuelt å inngå ein avtale for Vestfoldbyen, med bakgrunn i bypakken som vart behandla i Stortinget i 2025.