– Med ny veg på strekninga Figgjo–Ålgård på E39 vil vi få ned talet på trafikkulykker. Vi får òg betre framkome for alle som bruker vegen, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Prosjektet vil gje ny firefeltsveg på om lag 4,6 kilometer, med 3,3 kilometer i tunnel forbi Ålgård. Det skal òg byggjast fem bruer. Dette vil bidra til eit trafikksikkert vegsystem med gode løysingar for både gjennomgangstrafikken og lokaltrafikken. Det vil bli installert støyskjermar og støyvollar for å redusere støy og leggje til rette for betre bumiljø langs vegen.

Regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit forslag til kostnadsramme når ekstern kvalitetssikring (KS2) er gjennomført. Kostnadene for heile prosjektet er tidlegare rekna til om lag 3,3 milliardar kroner, og vil bli vurdert på nytt i kvalitetssikringa. Utbygginga kan først starte opp etter at Stortinget har vedteke ei kostnadsramme for prosjektet.

Prosjektet er ein del av Bymiljøpakken for Nord-Jæren og skal finansierast med bompengar og pengar frå staten. I 2026 er det lagt opp til å bruke om lag 6 millionar kroner i bompengar til førebuande arbeid.

E39 Figgjo–Ålgård er eitt av elleve prosjekt med særskild prioritet i planporteføljen til Statens vegvesen.