Statsbudsjettet 2026
Regjeringa doblar løyvinga til Nasjonalt senter for yrkesfag
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 20 millionar kroner til Nasjonalt senter for yrkesfag i statsbudsjettet for 2026, ei dobling frå årets løyving. Midlane skal styrke forsking, utvikling og kvalitet i norsk fag- og yrkesopplæring.
– Regjeringa satsar på yrkesfaga. Med ei dobling av løyvinga til Nasjonalt senter for yrkesfag tek vi eit nytt og viktig steg for å løfte kvaliteten i yrkesutdanningane, styrke samarbeidet med arbeidslivet og utvikle ny kunnskap, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Eit nasjonalt knutepunkt for yrkesfag
Nasjonalt senter for yrkesfag vart etablert hausten 2025 og har hovudsete i Molde. Senteret er eit nasjonalt knutepunkt for forsking, utvikling og erfaringsdeling innanfor fag- og yrkesopplæringa. Målet er å bidra til betre kvalitet, tettare samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv – og høgare status for yrkesfaga. Senteret er for alle bransjar i heile Noreg og er utvikla i tett samarbeid med arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane.
– Senteret skal vere ein motor for nytenking og utvikling, og bidra til at fag- og yrkesopplæringa møter framtidige behov i arbeidslivet. Vi treng meir kunnskap om kva som verkar, og korleis vi kan få endå fleire til å fullføre og ta fagbrev, seier Nordtun.
Senteret skal mellom anna hente inn og formidle forsking, bidra til kompetanseutvikling i fagmiljøa, og fungere som eit bindeledd mellom ulike aktørar både nasjonalt og internasjonalt.
Historiske resultat – og nye utfordringar
Regjeringa peikar på at satsinga på yrkesfag dei siste åra har gjeve historiske resultat. Aldri før har fleire søkt yrkesfag, fullført løpet og fått fagbrev. Samstundes aukar behovet for fagarbeidarar i store delar av arbeidslivet.
– Vi har fått fleire søkarar til yrkesfaga, fleire fullfører, og fleire fagarbeidarar kjem raskt ut i jobb. Det viser at tydeleg politikk verkar. Men vi er ikkje i mål – Noreg kjem til å mangle titusenvis av fagarbeidarar i åra som kjem. Difor må vi halde fram med å satse, seier Nordtun.
94 prosent av NHOs medlemsbedrifter melder at dei har udekte kompetansebehov, og i fleire regionar manglar verksemdene fagfolk med rett kompetanse.
– Dette er alvorleg – for næringslivet, for velferdsstaten og for fellesskapet vårt. Då må vi bruke ressursane våre klokt og sørge for at yrkesutdanningane våre treff behova i arbeidslivet. Det er nettopp det Nasjonalt senter for yrkesfag skal bidra til, seier Nordtun.