– Vi har fått mange tilbakemeldingar frå folk som har vore gjennom ulike tiltak, og det dei ofte peikar på, er kor viktig det er med oppfølging over tid. Det held ikkje nødvendigvis å følgje opp fram til dei får jobb – det er minst like viktig å vere til stades etterpå også, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

AFT-tiltaket skal gi personar som av ulike årsaker har usikre føresetnader for å vere i jobb ein betre sjanse til å delta i arbeidslivet. Det  skal gi dei høve til å prøve ut arbeid og få kvalifisering både i eit tilrettelagt miljø og i ordinært arbeidsliv.

– Når ein først har kome seg inn i arbeidslivet, kan det dukke opp nye utfordringar, og då er det godt å ha nokon å snakke med, nokon å få råd frå og kjenne at ein ikkje står aleine. Det handlar om å bygge tryggleik, skape gode rutinar og sikre at overgangen til jobb blir varig og positiv, seier Brenna.

I 2024 var det i snitt om lag 7 600 deltakarar i AFT kvar månad. Samla bruk av midlar til AFT-tiltaket var på om lag 1,8 mrd. kroner i 2024.

Dette innber endringane, som vil gjelde frå 1. januar 2026:

  • Meir vekt på utprøving av arbeid i ordinært arbeidsliv
  • Fleire moglegheiter for å ta formell opplæring medan ein deltek i AFT
  • Høve til oppfølging i AFT etter at ein har fått løna arbeid, eller ved oppstart av opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat
  • Auka fleksibilitet for deltaking på deltid og i kombinasjon med andre tiltak
  • Språklege justeringar som skal sikre betre samsvar mellom praksis og forskrift

Styrka innsats for dei som treng mest støtte

Mange i målgruppa har helseutfordringar eller sosiale vanskar, ofte i kombinasjon med manglande utdanning. Frå nyttår blir det no mogleg å ta formell opplæring og utdanning medan ein deltek i AFT. Deltakarar kan òg få oppfølging etter overgang til løna arbeid og ved oppstart av opplæringsløp som lærling eller lærekandidat.

Ordninga blir dessutan meir fleksibel, med høve til deltaking på deltid og i kombinasjon med andre tiltak.

– Vi treng fleire ut i arbeid. Nokre kan ikkje jobbe i det heile tatt, men mange kan jobbe litt om  dei får rett støtte. Erfaringar viser at mange har behov for denne typen lågterskeltilbod. Endringane som no blir innført, er eit viktig steg mot meir heilskaplege tilbod for personar som har fleire og samansette behov, seier Brenna.  

  • Lenke til endringsforskrift finn du her.

Arbeidsførebuande trening kan innehalde

  • Kartlegging av ressursar og karriererettleiing; utprøving av arbeidsevne og arbeidstrening i eit tilrettelagt miljø
  • Individuelt tilpassa opplæring og utdanning som gir, eller kan føre fram til, formell kompetanse
  • Hjelp til å finne relevant arbeidstrening i ordinære verksemder med mål om fast jobb
  • Oppfølging under arbeidstrening og etter tilsetjing
  • Oppfølging for deltakarar som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt i ordinære verksemder