Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa foreslår å dekke tapte inntekter for Torp og Haugesund lufthamner

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Inntektene til lufthamnene har falt som følgje av pandemien. For å dekke eventuelle tap i andre halvår i 2021 for Torp Sandefjord lufthamn og Haugesund lufthamn Karmøy, foreslår regjeringa å auke løyvinga med 102 millionar kroner for 2021.

– Lufthamnene Haugesund og Torp har blitt hardt råka som følgje av pandemien. Desse lufthamnene er viktige regionale knutepunkt og arbeidsplassar for mange menneske. Difor foreslår vi  å auka løyvingane til desse to lufthamnene no, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Nesten ei dobling i løyvinga for 2021

For første halvdel av 2021 er det løyvt til saman 110,5 millionar kroner til dei to lufthamnene. Utbetalinga av denne stønaden er for tida til handsaming i EFTAs overvakingsorgan, ESA, som må godkjenne stønaden.

I det reviderte nasjonalbudsjettet foreslår regjeringa å legge til ytterlegare 102 millionar kroner til å dekke eventuelle tap for både Torp og Haugesund lufthamner i andre halvdel av 2021. Lufthamnene kan på det meste få til saman 212,5 millionar kroner til å dekke eventuelle tap i 2021, med ein føresetnad om medhald frå Stortinget og ESA.  

– Når kvardagen kjem tilbake skal vi ha ein luftfart som er raskt på vingane att. Det inneber at bakkemannskapet og dei som forvaltar flyplassinfrastrukturen framleis har arbeid å gå til. Difor ønsker regjeringa i dette reviderte budsjettet å redusere dei negative ringverknadene frå pandemien med å dekke tapte inntekter, seier Knut Arild Hareide.  

Varslar strammare praksis

EFTAs overvakingsorgan, ESA, har varsla innstrammingar i praksisen for å gje stønad for tap som følgje av koronapandemien. Moglegheitene for å gje stønad til lufthamnene i andre halvdel av 2021 kan bli mindre. Regjeringa vil følgje situasjonen tett, og kjem til å sjå på dei framtidige behova til lufthamnene utover 2021.