– Regjeringa har som mål å innføre CBAM i Noreg frå 2027, og er i tett dialog med EU-kommisjonen og dei andre EFTA-landa. Det er viktig for regjeringa å kome med innspel tidleg, for å bidra til at CBAM kan fungere etter hensikta, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

CBAM inkluderer import av varer frå land utanfor EØS-området frå sektorane sement, jern og stål, aluminium, gjødsel, hydrogen og elektrisitet. Regelverket skal bidra til at utslepp frå produksjon av desse varene kostar det same, anten dei blir produserte i Noreg og EU eller blir importerte frå andre land.

EU førebur no tre underliggjande rettsakter:

  1. Korleis utslepp skal reknast ut
  2. Korleis det skal justerast for tildeling av vederlagsfrie klimakvotar
  3. Korleis vi skal ta omsyn til karbonpris betalt i land utanfor EØS

Rettsaktene er venta å kome på høyring seinare i år.

Dei underliggjande rettsaktene vil avgjere kor mange CBAM-sertifikat aktørar som kjøper varer utanfor EØS må kjøpe. Målet er at kostnadene for utslepp ved produksjon i desse landa skal tilsvare kostnadene produsentane i Noreg har.

Klima- og miljøministeren sende innspel til Kommisjonen 26. september 2025.