Regjeringa gir pengar til 900 nye studieplassar i fagskulane
Pressemelding | Dato: 22.12.2025 | Kunnskapsdepartementet
Fagskulane får no over 40 millionar kronar til 900 nye studieplassar frå 2026. Oslo, Rogaland og Innlandet får flest plassar. Til no har regjeringa sørga for 2 900 nye fagskuleplassar.
– Fagskulane sikrar etterspurd kompetanse i heile Noreg. Arbeiderpartiregjeringa held fram satsinga på fagskulane, og neste år styrker vi kapasiteten med 900 nye studieplassar i heile landet. Slik bygger vi framtids-Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar som ofte kan kombinerast med jobb. I NHOs kompetansebarometer for 2024 melde 68 prosent av bedriftene at dei har behov for folk med høgare yrkesfagleg utdanning.
Oslo, Rogaland og Innlandet får flest studieplassar
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som har fordelt midlane til fylkeskommunane. HK-dir har lagt stor vekt på fylkeskommunane sine eigne vurderingar av behov for vekst i høgare yrkesfagleg utdanning.
No er det opp til fylkeskommunane å bestemme korleis midlane skal bli fordelte til fagskulane. I fordelinga av dei nye studieplassane skal fylkeskommunane prioritere:
- tekniske fag
- helse- og velferdsfag
- fag som er særleg viktige for det grøne skiftet
- utdanningar som styrker forsvar og sivil beredskap
– Fylkeskommunane kjenner dei regionale behova best. Ved å gi dei handlingsrom i fordelinga til fagskulane, styrker vi rolla deira som kompetansepolitisk aktør, og legg til rette for treffsikre utdanningstilbod, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.
|
Fylkeskommune |
Nye studieplassar |
Halvårseffekt 2026 |
|
Agder |
55 |
2 530 000 |
|
Akershus |
20 |
920 000 |
|
Buskerud |
45 |
2 070 000 |
|
Finnmark |
20 |
920 000 |
|
Innlandet |
90 |
4 140 000 |
|
Møre og Romsdal |
60 |
2 760 000 |
|
Nordland |
40 |
1 840 000 |
|
Oslo |
90 |
4 140 000 |
|
Rogaland |
90 |
4 140 000 |
|
Telemark |
60 |
2 760 000 |
|
Troms |
60 |
2 760 000 |
|
Trøndelag |
85 |
3 910 000 |
|
Vestfold |
55 |
2 530 000 |
|
Vestland |
85 |
3 910 000 |
|
Østfold |
45 |
2 070 000 |
|
Totalt |
900 |
41 400 000 |
- Dei 900 nye studieplassane er varige toårige studieplassar med full opptrapping.
- Midlane blir tildelte frå og med hausten 2026.
- Når dei 900 studieplassane er fullt innfasa våren 2028, har sektoren til saman fått tilført i overkant av 331 millionar kroner til studieplassane over tre år.