– For mange unge står utanfor arbeidslivet. Det er alvorleg både for dei sjølve og for samfunnet. Vi vil gi fleire unge betre moglegheiter, og difor har vi sett i gang Ungdomsløftet. No skjerpar vi innsatsen og forventningane til Nav, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Styrkte verkemiddel og tydelegare krav

Regjeringa auka løyvingane til arbeidsretta tiltak og samarbeid med arbeidsgivarar i 2025, og auken held fram i 2026. Regjeringa ber Nav bruke midlane best mogleg og sørgje for at fleire som står utan arbeid eller har nedsett arbeidsevne, kan bli i jobben dei har eller kome ut i arbeid. Regjeringa ber Nav særleg prioritere dei unge og sørgje for at dei får tett og tilpassa oppfølging på veg mot arbeid.

– Vi veit at tett og tilpassa oppfølging av unge og godt samarbeid med arbeidsgivarar gir resultat. Difor ber vi Nav styrkje dette arbeidet, slik at fleire unge får ein reell sjanse til å kome i jobb, seier Stenseng.

Regjeringa sine prioriteringar for Nav det kommande året går fram av tildelingsbrevet. Arbeidet med å få unge i jobb er ei hovudprioritering for regjeringa. I tillegg blir arbeidet med å få ned sjukefråværet løfta fram.

Les heile tildelingsbrevet her.    

Nav skal mellom anna

  • styrkje innsatsen overfor unge og sikre god gjennomføring av Ungdomsløftet og ungdomsgarantien
  • styrkje det systematiske samarbeidet mellom ungdomsrettleiarar, marknadskontaktar og arbeidsgivarar
  • gi betre støtte til unge med samansette behov gjennom tettare samarbeid mellom arbeid, helse og utdanning
  • vidareutvikle og følgje opp forsøk som gir meir kunnskap om kva som verkar
  • tilby gode tenester til arbeidsgivarar i heile landet som vil rekruttere unge med behov for arbeidsretta bistand

Nye forsøk og målretta tiltak

I 2026 skal Nav òg leggje til rette for fleire konkrete forsøk og program som skal styrkje overgangen til arbeid:

  • fireårig lønnstilskot for unge med nedsett arbeidsevne
  • vidareføring av Ungdomsprogrammet
  • forsøk med aktivitetspengar for unge
  • rekrutteringsprogram for kommunale helse- og omsorgstenester i samarbeid med Helsedirektoratet
  • lokale forsøk for å utvikle betre modellar for kvalifisering og inkludering på arbeidsplassen

– Vi set i gang målretta forsøk for å finne løysingar som får unge over i arbeid. Det krev fagleg styrke og evne til å lære undervegs, og det forventar vi at Nav leverer på. Målet er å skape fleire jobbmoglegheiter og ei stabil tilknyting til arbeidslivet for utsette unge, seier Stenseng.