Som ein del av budsjettframlegget for 2024 foreslår regjeringa å bruke 384 millionar kroner til å vidareføre ordningane for gratis ferje, og for å redusere billettprisane til 50 prosent samanlikna med billettprisane 1. januar 2021. Dette kjem i tillegg til dei midlane som allereie blir brukt i dag til reduserte billettprisar.

Pengane skal også gå med til ei vidareføring av ordninga for gratis ferje til samfunn utan vegforbindelse til fastlandet, og til ferjesamband med færre enn 100.000 passasjerar årleg. Ordninga gjeld ferjesamband som mottar offentleg støtte.

Om lag 217 millionar av desse kronene går til fylkesvegferjene, som blir fordelte over rammetilskotet over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Heilårseffekten av regjeringas tiltak dei tre siste åra for å redusere prisen på ferjebillettar og å gjere mange ferjesamband gratis er på om lag 1,4 milliardar kroner. Med dette har regjeringa innfridd ferjemåla i Hurdalsplattforma.