Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa løyver pengar til opprydding i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn

Hammerfest hamn er sterkt forureina på grunn av tidlegare industri, avløp, verftsaktivitet og avrenning frå gamle fyllplassar. Bybrannen under andre verdskrig har også ført til forureininga. Regjeringa vil rydde opp i den forureina sjøbotnen og foreslår å løyve pengar til prosjektet Ren Havn Hammerfest.

Sjøbotnen i Hammerfest er nøye undersøkt. Risikovurderingar viser at sedimenta i delar av hamneområdet utgjer ein risiko for effektar på marine planter og dyr og på menneske si helse. Analysane viser også at det er ein fare for spreiing av forureininga.

  • Opprydding vil fjerne eller isolere store mengder miljøgifter frå å bli tatt opp i planter og dyr. Det vil vere positivt for lokalsamfunnet og for områdas verdi for rekreasjon, sport og friluftsliv. Prosjektet vil også vere positivt for byutvikling i sentrumsnære område, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Opprydding samkøyrd med farleiprosjekt

Hammerfest kommune og Hammerfest Havn samarbeider med Kystverket om oppryddinga med farleiutdjuping i Fuglenes og Forsøl.

Sjøbotnen blir rydda ved mudring og dekking. Oppryddinga skjer samtidig med fleire tiltak som ny og utvida sentrumskai, ei ny fiskerikai og farleiutdjuping. Muddermassar frå mellom anna farleiutdjupinga blir lagt i kaideponi som fundament til den nye sentrumskaia. Dette gir prosjektet stor samfunns- og miljønytte.

Prosjektet er godt planlagt og klart til å bli sett i gong frå 2021 med ferdiggjering 2023. Det er gjort naudsynte analysar, tiltaks-utgreiingar og oppryddingar av forureiningskjelder på land. Forarbeidet har fått statleg stønad.

  • Samordning med Kystverkets farleisutdjuping og oppryddingsarbeid i tilgrensande område vil sikre samfunnsøkonomiske gevinstar, seier Rotevatn.

Kostnadar ved tiltak

Det er foreslått å løyve 30 millionar kroner til å starte opprydding av forureina sjøbotn i Hammerfest hamn. Den samla statlege stønaden til oppryddinga, som vil vare over tre år, er utrekna til 128 millionar kroner.

Heile tiltaket, inkludert ny kai, er utrekna å koste om lag 439 millionar kroner. Kostnaden fordeler seg mellom Hammerfest kommune, Hammerfest Havn KF, Finnmark fylkeskommune, Miljødirektoratet og Kystverket.