Historisk arkiv

Regjeringa lyser ut 132 millionar til fleksible utdanningstilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil at fleire skal kunne ta utdanning uavhengig av arbeidstilhøve, livssituasjon og bustad. No kan universitet, høgskular og fagskular søkje om stønad til å utvikle og drifte fleksible utdanningar.

– Regjeringa har eit mål om at utdanning også skal være tilgjengeleg for familiefaren med boliglån og jobb i distrikts-Noreg. Derfor bruker vi meir pengar på fleksible utdanningstilbod, som betyr at utdanningssektoren kan utvikle tilbod som enklare lar seg kombinere med det vaksenlivet ofte består av. No lyser vi ut 132 millionar kroner til dette arbeidet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Det er Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning og Kompetanse Norge som står for utlysingane. For å kunne søkje om stønad, må tilboda vere forankra i konkrete behov for kunnskap og kompetanse hos målgruppene for utdanninga

Dette er dei to ulike ordningane:

Diku lyser ut inntil 92 millionar kroner til å utvikle og drifte fleksible og relevante utdanningstilbod i høgare utdanning, og som det går an å ta utanfor campus. 

– Omstillingshastigheita i arbeidslivet aukar, og mange har behov for å fornye eller endre kompetansen sin. Utdanningstilboda i denne ordninga skal derfor kunne treffe både førstegongssøkjarar til høgare utdanning, og dei som har behov for å byggje på eksisterande kompetanse, seier Diku-direktør Harald Nybølet.

Kompetanse Norge lyser ut inntil 40 millionar kroner til å utvikle og prøve ut fleksible vidareutdanningstilbod som gir kompetanse som er nødvendig for å digitalisere verksemder og møte utfordringane og moglegheitene som digitalisering gir. I denne utlysinga vil Kompetanse Norge særleg prioritere vidareutdanningstilbod for å styrke digital kompetanse, IKT-tryggleik og kompetanse for det grøne skiftet.

– UH-sektoren er ein nøkkelspelar i arbeidet for å få realisert livslang læring. Desse midlane gir universitet, høgskular og fagskular høve til å utvikle og setje i gang fleksible vidareutdanningar på fagområde der vi veit at behova i arbeidslivet er store, seier direktør Sveinung Skule i Kompetanse Noreg.

Søknadsfrist for begge ordningane er 22. mars 2021 kl. 12.00.