– Det finst gode argument både for og imot blind klagesensur, og vi har gjort grundige vurderingar av fordelar og ulemper. Studentane har ønska å vidareføre ordninga med blind klagesensur, og det har vi lytta til, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Når studentar klagar på ein karakter i dag, får klagesensor ikkje innsyn i vurderinga til førstesensor. Regjeringa sende på høyring eit forslag om å avvikle denne ordninga. Målet var ein praksis som er meir i tråd med dei vanlege reglane i forvaltningslova for behandling av klagesaker, der klageinstansen får tilgang til vurderingane i saka. Studentane har ønska å behalde blind klagesensur, for å sikre at den nye vurderinga er uavhengig av den førre. No foreslår regjeringa å behalde ordninga slik ho er i dag.

Lågare studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits

Regjeringa vil opne for lågare studieavgift for internasjonale studentar. I 2023 blei det innført studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits som tek ein heil grad i Noreg. Etter innføringa har talet på nye studentar frå land som må betale studieavgift falle med rundt 80 prosent. Nedgangen har vore størst innanfor naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag. Innan desse faga har Noreg store kompetansebehov, både i dag og i åra som kjem.

– Noreg er eit lite land, og i urolege tider treng vi meir samarbeid med resten av verda. Vi skal vere attraktive for internasjonale studentar, og då må norske universitet og høgskular kunne sette konkurransedyktige prisar. No kan institusjonane sjølve tilpasse prisane og styrke rekrutteringa til fagområde der behovet er stort, seier Aasland. 

Tak for dekning av advokatutgifter i studentsaker

Studentar som blir utestengde frå studia, til dømes ved fusk, har i dag rett til å få dekt advokatutgifter av institusjonen. Regjeringa meiner det bør vere eit tak for dekning av advokatutgifter.

– Studentane si rettstryggleik skal takast vare på, og dei skal framleis få advokathjelp i alle instansar, men ordninga må bli meir treffsikker og kostnadseffektiv. Dagens ordning er for dyr, og det blir ført ein del saker for retten som ikkje nødvendigvis er i studentane si interesse, seier Aasland.

Ordninga blei innført i universitets- og høgskulelova i 2005, og vidareført i ny lov i 2024. Sidan den gong er rettstryggleiken til studentane styrkt, mellom anna gjennom innføringa av studentombod. Det er òg studentrepresentantar i klagenemndene.

Dersom lovendringane blir vedtekne av Stortinget, vil dei etter planen gjelde frå 1. august 2026.