– Planen peikar ut områda der vi skal endre og fornye samfunnet. Vi skal prioritere fleire i jobb, eit ungdomsløftet, eit trygt arbeidsliv, ei friskare befolkning og ein integreringspolitikk som både stiller krav og stiller opp, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Regjeringa sin plan for Noreg erstattar dei tidlegare regjeringsplattformene og inneheld fleire større prosjekt framfor mange enkelttiltak. Planen er delt inn i fem område:  

  1. Tryggleik for økonomien
  2. Tryggleik for arbeids- og næringslivet
  3. Tryggleik for barn og unge
  4. Tryggleik for helsa
  5. Tryggleik for landet

Arbeids- og inkluderingsministeren har valt ut fem prosjekt under desse områda:  

Fleire i jobb  

Arbeidskrafta er Noreg sin viktigaste ressurs. Den må  forvaltast og utnyttast betre i tida som kjem. Planen for Noreg inneber  å trappe opp den aktive arbeidsmarknadspolitikken, utvikle ungdomsløftet, forsterke arbeidslinja  i integreringspolitikken, og sørgje for at langtidssjukefråværet går ned.  

Mål: Regjeringa vil styrkje arbeidslinja med mål om ein sysselsettingsdel på 82 prosent innan 2030.   

Ungdomsløftet

Ungdomsløftet er regjeringa sin satsing for å få fleire unge som står utanfor arbeidslivet inn i jobb. I dag står over 100 000 unge utanfor arbeid og utdanning. Unge har eit langt arbeidsliv framfor seg, men fleire treng hjelp og støtte for å komme i arbeid. Regjeringa vil difor ha ei offensiv satsing på å få fleire unge inn i jobb eller utdanning.  

Mål: Innan 2030 skal 30 000 fleire unge under 30 år ut i arbeid eller utdanning.  

Eit trygt og organisert arbeidsliv

Arbeidarparti-regjeringa held fram arbeidet med å tryggje alle arbeidstakarar i Noreg. Eit trygt og organisert arbeidsliv er både eit mål i seg sjølv og ein føresetnad for høg og stabil deltaking i arbeidslivet. Regjeringa sin plan er å styrkje det organiserte arbeidslivet,bidra til høg organisasjonsgrad og styrkje medverknad på arbeidsplassen. Arbeidet mot sosial dumping og for fleire heile, faste stillingar held fram, særleg gjennom oppfølging av den nye handlingsplanen mot arbeidslivskriminalitet.  

Regjeringa sine mål er:

  • Eit arbeidsliv med auka organisasjonsgrad
  • Eit godt arbeidsmiljø for fleire
  • Betre rettar for plattformarbeidarar
  • Nulltoleranse for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
  • Eit meir rettferdig og moderne yrkesskaderegelverk

Ei friskare befolkning 

Noreg har eit for høgt sjukefråvær. Muskel- og skjelettlidingar og psykiske plager står for ein stor del av fråværet. Vi må sjå arbeid og helse i samanheng. Det handlar både om omsynet til den enkelte og om å sikre berekrafta i velferdsstaten. Difor vil arbeidsministeren og helseministeren foreine krefter med mål om ei friskare befolkning og redusert sjukefråvær. Det må bli lettare å jobbe med den helsa vi har. Blant anna gjennom tydelegare plikter til arbeidsgivar om å tilretteleggje og til arbeidstakar om å medverke og vere i aktivitet.  

Regjeringa vil, i samarbeid med partane i arbeidslivet, jobbe for å jamne ut sosiale helseforskjellar, redusere sjukefråværet og sørgje for at færre fell ut av arbeidslivet. Tiltaka i IA-avtalen og områdegjennomgangen av dei helserelaterte ytingane vil stå sentralt i oppfølginga.  

Mål: Redusere sjukefråværet over tid.  

Integrering - stille krav og stille opp

Integreringspolitikken skal få folk ut i jobb eller utdanning, sikre velferd og førebyggje kriminalitet. Personar som kjem til Noreg, skal møte eit samfunn som både stiller krav og stiller opp. Regjeringa vil at fleire innvandrar skal kome i arbeid, lære seg norsk og delta i samfunnslivet. Arbeidet med ein ny integreringsstrategi vil tydeleggjere korleis regjeringa møter utfordringar på integreringsfeltet framover.

Mål: Gapet i sysselsetting mellom flyktningar og øvrig befolkning skal reduserast.

Les meir om regjeringa sin plan for Noreg.