Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa styrker velferdstilbodet til studentane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

I budsjettforslaget for 2021 foreslår regjeringa 20 millionar kroner ekstra til studentsamskipnadane. Det styrker samskipnadane sin mogelegheit til å gje studentane gode velferdstenester i ein studiekvardag prega av koronatiltak, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

I tillegg til å byggje studentbustader tilbyr studentsamskipnadane andre viktige velferdstenester, som for eksempel helsetenester, kantine, idrett og barnehagar. Da regjeringa Solberg overtok i 2013 ga den studentane makta tilbake i styrene til samskipnadane. Det betyr at det er studentane sjølve som sit i førarsetet til å bestemme over eige velferdstilbod.

– Digitale møter og undervisning, mindre sosial kontakt og karantene har vore  utfordrande for alle. Mange studentar har flytta heimanfrå for aller første gong, ofte til ein by kor dei ikkje kjenner så mange. Eit godt velferdstilbod er ekstra viktig i eit år som dette. Derfor foreslår regjeringa å gje samskipnadane ekstra pengar slik at dei kan gjere  enda meir for at studentane skal trivast best mogeleg, seier Asheim.

Regjeringa foreslår til saman 104,8 millionar kroner til studentsamskipnadane. Det er ein auke på 20 millionar kroner frå året før.

1 650 nye studentbustader

Regjeringa fortsetter satsinga på studentbustader og foreslår pengar til 1 650 nye bueiningar.  Til saman har regjeringa sidan 2014 gitt pengar til om lag 17 600 studentbustader. Det gir eit årlig snitt på over 2 200. Til samanlikning var det årlege snittet for Stoltenberg-regjeringa i underkant av 1 000 bueiningar. I år ga regjeringa også 250 millionar kroner til oppgradering av over 2 000 eldre studentbustader.  

– I tillegg til å være eit tak over hovudet er også studentbustader ein god stad for å få seg nye venner i ein ny by på tvers av studiestader og utdanningsretningar. Derfor har me bygd historisk mange studentbueiningar. Årsaka til at talet er noko lågare i statsbudsjettet for neste år, er rett og slett at samskipnadane har hatt færre byggjeklare prosjekt å søke støtte til dei siste åra, seier Asheim.

Pengar til det femte året på grunnskolelærarutdanninga

Regjeringa innførte ei femårig masterutdanning for grunnskolelærarar i 2017. Studentane som starta då vil begynne på det femte året av utdanninga neste år.

- Det ekstra studieåret betyr at universiteta og høgskulane får noko meir i utgifter. Derfor gjer regjeringa det me har lova i dei tidlegare statsbudsjetta og gir ekstra pengar til dei institusjonane som tilbyr femårig grunnskolelærarutdanning, seier Asheim.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular som tilbyr utdanninga med 89,1 millionar kroner i 2021. Dette er halvårseffekten av eit ekstra studieår og heilårseffekten kjem i 2022. Omfanget av løyvinga er i tråd med normal praksis for finansiering av auka utdanningskapasitet.

I tillegg til desse 89,1 millionane foreslår også regjeringa å vidareføre to ordningar som omhandlar praksis i lærarutdanningane. Det eine er eit partnersamarbeid med praksisfeltet kor regjeringa foreslår å bruke 65,8 millionar kroner neste år, og det andre er 15 millionar kroner til prosjektmidlar for å styrke kvaliteten i praksis.