− Situasjonen i Midtausten påverkar omfanget av antisemittisme i Noreg. Dei jødiske miljøa er under press, og regjeringa vil bidra aktivt til å motarbeide antisemittisme, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.  

Regjeringa la fram Handlingsplan mot antisemittisme 2025–2030 i november i fjor og følger aktivt opp dei 22 tiltaka i planen. Eit tiltak i planen går ut på å støtte den jødiske minoriteten sine eigne organisasjonar.

− Det er storsamfunnet sitt ansvar å motarbeide antisemittisme, og vi må saman sørge for at alle jødar, spesielt barn og unge, føler seg trygge og inkludert i Noreg. Ingen skal bli utsett for hatefulle ytringar eller diskriminering, seier Skjæran.

– Når antisemittismen aukar, er det òg viktig at ein så liten minoritet som den jødiske, på rundt 1500 personar, har robuste organisasjonar og ressursar til å skape møteplassar, ikkje minst for ungdommane, avsluttar han.