Statsbudsjettet 2027:
Regjeringa styrkjer innsatsen for å få innvandrarkvinner i jobb
Pressemelding | Dato: 09.10.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidarparti-regjeringa vil auke sysselsetjinga blant innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden. Difor foreslår ho å styrkje tilskotet til Jobbsjansen med 30 millionar kroner i 2027.
– For mange kvinner med innvandrarbakgrunn står utanfor arbeidslivet. Fleire manglar formell kompetanse, har dårlege norskferdigheiter eller lite arbeidserfaring. Difor foreslår vi no at fleire innvandrarkvinner skal få støtte til å kome i jobb, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Jobbsjansen er eit skreddarsydd kvalifiseringsprogram retta mot heimeverande innvandrarkvinner som treng kvalifisering for å kome i arbeid eller utdanning.
Programmet er eit effektivt tiltak som gir gode resultat. Dei siste fem åra har om lag 75 prosent av deltakarane gått direkte over i arbeid eller utdanning etter avslutta program.
Når Jobbsjansen blir styrkt med 30 millionar kroner, kan 160 fleire innvandrarkvinner få moglegheita til å delta i Jobbsjansen i 2027.
1 300 deltakarplassar i 2027
Jobbsjansen er ei populær ordning med stort potensial. Mange kommunar har ventelister for nye deltakarar, og kvart år blir det søkt om midlar langt utover tilskotsramma. Dette viser at det er stor interesse for ordninga.
– Å få moglegheit til å bli økonomisk sjølvstendig er viktig for alle. Det gir tryggleik for den enkelte og for heile familien. Jobbsjansen er med på å kjempe mot fattigdom og fremjar likestilling, og han har positive ringverknader langt utover den enkelte tiltaksplassen, avsluttar Stenseng.
Totalt foreslår regjeringa å løyve 248,5 millionar kroner til Jobbsjansen neste år. Det betyr at ordninga vil ha over 1 300 deltakarplassar i 2027. Dette er femte gongen ordninga blir styrkt sidan 2021. Dersom ein justerer for auka deltakarkostnader, svarer auken under Arbeidarparti-regjeringa til 830 deltakarplassar.
Fakta om Jobbsjansen:
SSB publiserte nyleg ein rapport som ser nærare på deltakarar som avslutta Jobbsjansen i perioden 2020–2023. Rapporten viser mellom anna dette:
- Mange tidlegare deltakarar i Jobbsjansen fekk sterkare tilknyting til arbeidsmarknaden etter programslutt
- Sysselsetjingsdelen var høgast i dei to tidlegaste avgangskohortane, som hadde hatt lengst tid til å etablere seg på arbeidsmarknaden etter programslutt
- Blant dei som avslutta Jobbsjansen i 2020 og 2021, var høvesvis 70 og 72 prosent sysselsette i 2024
- Median yrkesinntekt auka dessutan i avslutningsåret og i åra etter programslutt for alle avgangskohortane. Yrkesinntekta til deltakarane sjølve fekk også større betydning for den samla økonomien i hushaldet
- Fire år etter programslutt utgjorde yrkesinntekta til deltakarane sjølve 29 prosent av den samla inntekta i hushaldet og 42 prosent av den samla yrkesinntekta i hushaldet