Statsbudsjettet 2027:
Regjeringa styrkjer innsatsen for at fleire innvandrarar skal lære seg norsk og kome i jobb
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidarparti-regjeringa foreslår 96 millionar kroner meir til tiltak som skal bidra til betre integrering i statsbudsjettet for 2027. Målet er at fleire innvandrarar skal lære norsk, kome i arbeid og bli sjølvforsørgde.
Innvandrarar har lågare sysselsetjing enn befolkninga elles. Regjeringa meiner arbeid er nøkkelen til integrering, og at gode norskkunnskapar og kvalifisering er avgjerande for å kome inn i arbeidslivet.
– Regjeringa stiller opp, men stiller også krav i integreringspolitikken. Vi forventar at dei som kjem til Noreg, lærer seg norsk, kjem i arbeid og blir ein del av fellesskapet, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Språk er nøkkelen
For dårlege norskkunnskapar er ein av dei største barrierane for å kome ut i jobb.
– Den aller viktigaste suksessfaktoren for å kome inn i arbeidslivet handlar om språk. Det handlar om god norskopplæring. Difor ønskjer vi å styrkje Norskopplæringsordninga, som er eit supplement til det ordinære kommunale norsktilbodet, seier Stenseng.
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Norskopplæringsordninga med 17,7 millionar kroner, slik at kommunar og andre godkjende tilbydarar kan gi målretta og fleksibel opplæring til fleire. I tillegg blir det foreslått 2,5 millionar kroner til ei ny sensurordning for dei munnlege norskprøvane, som mellom anna ligg til grunn for permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.
Fleire innvandrarkvinner i arbeid
Særleg sysselsetjinga blant innvandrarkvinner er for låg.
– Vi held fram med å styrkje innsatsen for å få fleire innvandrarkvinner ut i jobb. Det er heilt avgjerande for at fleire familiar ikkje skal leve med låg inntekt, men det gir også kvinnene fridom, nettverk og meistring, seier statsråden.
Regjeringa foreslår difor mellom anna å styrkje Jobbsjansen med 30 millionar kroner. Ordninga gir heimeverande innvandrarkvinner den kvalifiseringa dei treng for å kome i gang med arbeid eller utdanning. Auken vil gi over 1 300 deltakarplassar i 2027.
Sidan Arbeidarparti-regjeringa tok over, har løyvinga til Jobbsjansen auka med over 157 millioner kroner. Med estimerte kostnader per plass i 2027 svarer dette til 830 fleire deltakarplassar.
Regjeringen føreslår:
- 30 millionar kroner til Jobbsjansen, som kvalifiserer heimeverande innvandrarkvinner for arbeid eller utdanning
- 17,7 millionar kroner til Norskopplæringsordninga, for målretta og fleksibel norskopplæring
- 8,8 millionar kroner til ei forsøksordning med introduksjonsprogram for kvinner som har familieinnvandra
- 2,5 millionar kroner til ei ny sensurordning for dei munnlege norskprøvane for innvandrarar
- 5 millionar kroner til mangfaldsarbeidet til IMDi retta mot statlege verksemder
- 32 millionar kroner til vidareføring av tilleggsløyvinga til IMDi for å handtere fordrivne frå Ukraina
Totalt: 96 millionar kroner