Statsbudsjettet 2021

Regjeringa vil bruke 7,9 millionar kroner til innkjøp frå grundere

Nystarta verksemder kan bidra med nye, innovative og digitale løysingar i offentleg sektor. Regjeringa foreslår derfor 7,9 millionar kroner til eit eige program for kjøp av innovative løysingar frå oppstartsverksemder, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister.

– Dessverre kan det fort bli dyrt og vanskeleg for ein etablerar å hevde seg i ein offentleg innkjøpsprosess. Det vil vi gjere noko med, og startar no opp eit program som skal gjere det enklare for små, nystarta verksemder å bli leverandør til offentleg sektor, seier Astrup.

Programmet skal forvaltast av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet og Nasjonalt program for leverandørutvikling.

– Ny teknologi og digitalisering gjer oss moglegheit til å løyse dei offentlege oppgåvene på heilt nye vis. Vi kan tilby innbyggjarane betre og meir skreddarsydde tenester. Det er heilt avgjerande når vi framover skal levere tenester til ein stadig eldre befolkning, seier Astrup.

Det offentlege kjøper inn varer og tenester for meir enn 560 milliardar kroner kvart einaste år. Men berre 30 prosent av dei små nystarta bedriftene har ein offentleg kunde.

– Korleis vi bruker dei pengane, bestemmer både kva slags offentleg sektor vi får, men også kva slags næringsliv vi får, seier Astrup.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00