Regjeringa vil få fleire unge i jobb gjennom nytt lønnstilskot
Nyheit | Dato: 05.09.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa vil starte eit forsøk med lønnstilskot i inntil fire år for å få fleire unge i arbeid og redusere andelen med uføretrygd.
Andelen unge som får innvilga uføretrygd har låge høgt dei siste åra. Dei fleste har fått arbeidsavklaringspengar før dei får innvilga uføretrygd. No vil regjeringa at fleire av desse skal få prøve seg i jobb
– Nokon unge uføre blir betre over tid. Då skal vi signalisere tydeleg at vi framleis har bruk for dei. Vi veit også at rett type arbeid kan verke helsefremjande, spesielt for ein del psykiske lidingar. Vi skal ikkje gi slepp på unge som blir uføre. Difor vil vi gjere det enklare for fleire å tilsetje folk ein elles ikkje ville tort å satse på, gjennom at fellesskapen dekkjer ein del av lønna, seier arbeids og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Nav kan gi lønnstilskot til arbeidsgjevarar som tilset personar som har utfordringar med å få arbeid på ordinære vilkår. Forsking viser at lønstilskot aukar sjansen for overgang til ordinær jobb og er lønnsamt for samfunnet fordi det får fleire i arbeid.
– Arbeidarpartiregjeringa ønskjer ein kunnskapsbasert politikk og vi veit at lønnstilskot fungerer. No vil vi bruke lønstilskot meir og vil prøve ut eit nytt fireårig lønnstilskot for unge ved utvalde Nav-kontor, seier Brenna.
Målgruppa for ordninga er unge som står langt unna arbeidslivet og som har stor fare for å bli uføretrygda eller allereie er uføretrygda.
I forsøket skal deltakaren og arbeidsgivar få ei individuell oppfølging frå Nav. Det skal givast tilbod om tilrettelegging på arbeidsplassen etter behovet til deltakaren.
Forslaget blir no sendt på høyring med frist for tilbakemeldingar innan 05.12.2025. Høyringa kan lesast her.
Det er tiltenkt oppstart sommaren 2026.