– Samiske språk og samiske institusjonar er viktig for å sikre og utvikle samisk kultur og samfunnsliv. Derfor held vi fram satsinga på språk i forslaget til statsbudsjett, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Regjeringa vidarefører òg fire millionar kroner til tiltak for samisk fjernundervisning og seks millionar til samiske læremiddel som kom inn i statsbudsjettet for 2024.

Regjeringa foreslår å løyve ni millionar kroner til å betre kvaliteten på fjernundervisninga i samisk, og til å sikre at samiske elevar har tilgang til  læremiddel som er i tråd med læreplanverket.

I tillegg foreslår regjeringa at 4,1 millionar kroner går til å dekke husleige for det samiske nasjonalteateret Beaivváš i det samlokaliserte bygget Čoarvemátta, som vart opna tidlegare i år.

Regjeringa vidarefører auken på 20 millionar til Sametinget frå budsjettforliket førre år. Auken er ein del av ei positiv utvikling over fleire år.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no