Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil ha betre fiskerikontroll

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til fiskerikontroll med 42 millionar kroner i 2021. Auken er foreslått finansiert ved ei ny kontrollavgift for fiskeflåten.

- Sjømatnæringa skaper viktige arbeidsplassar langs kysten vår og er viktig for framtidig vekst i den blå økonomien. Men ulovleg handel med fisk truer denne framtida. Ulovleg fiske og omsetnad undergrev berekraften i fiskeriforvaltinga og skadar konkurransevilkåra for dei seriøse sjømatbedriftene, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Fiskerikontrollutvalet har stadfesta at Noreg ikkje har god nok kontroll med uttaket av fiskeressursane våre. Det gir eit stort rom for ulovleg vinning. Regjeringa foreslår å styrkje fiskerikontrollen i tråd med dei sentrale råda til fiskerikontrollutvalet.

Kontrollavgifta er foreslått sett til 0,22 prosent av verdien av omsetninga i førstehand. Det er foreslått at fartøy under 15 meter ikkje betalar avgift det første året.

Betre kontroll krev betre system for dokumentasjon.

Regjeringa vil styrkje Fiskeridirektoratet sin kompetanse og kapasitet til å drive kontroll. Regjeringa vil og følgje utvalet sitt sentrale råd om å lage eit betre dokumentasjonssystem, som på same tid minimerer høvet til å bryte lova og leggjer til rette for størst mogleg verdiskaping.

Regjeringa foreslår å styrkje kontrollarbeidet til Fiskeridirektoratet med 32 millionar kroner til investeringar i teknologi, digital infrastruktur og kompetanse. 10 millionar kroner vert foreslått nytta av Nærings- og fiskeridepartementet til arbeidet med tiltak som byggjer opp under fiskerikontrollen i framtida. Mellom anna vil departementet støtte opp under eit offentleg-privat samarbeid om å utvikle digitale dokumentasjonsløysingar.

Nokre av forslaga frå fiskerikontrollutvalet vil og bli greia ut nærmare, før ein kan ta stilling til endringar i dagens kontrollsystem.