Statsbudsjett 2024

Regjeringa vil redusere kostnadene for næringslivet og trappar opp forenklingsarbeidet

Regjeringa har mål om å redusere kostnadene for næringslivet knytt til pålagde reglar og innrapporteringsplikter med 11 milliardar kroner innan 2025. Det blir derfor foreslått 87,7 millionar kroner for å styrke forenklingsarbeidet i Brønnøysundregistera.

- Det skal vere enklare for innbyggjarane og næringslivet å bruke offentlege tenester. Der blir Brønnøysundregistera avgjerande. Derfor girar vi no opp satsinga på brukarvenlege registertenester. Prosjektet vil føre til at bedriftene kan gjere registreringar enklare og raskare. Da kan dei bruke mindre tid på administrasjon og meir tid på verdiskaping, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap)

Med den nye registerplattforma som Brønnøysundregistera har utvikla, skal prosjektet for brukarvennlege registertenestar gi betre løysingar for å rapportere inn og samle informasjon frå ulike register. Informasjonen frå Brønnøysundregistera blir også meir tilgjengeleg, slikt at det blir enklare å hente ut og stille saman data om bedrifter. Viss ein innehavar av eit enkeltpersonføretak til dømes ønskjer å endre namn på bedrifta i eige fagsystem, vil denne informasjonen i same prosess bli delt med Brønnøysundregistera slik at han straks blir offentleg. Aktøren vil spare tid ved å sleppe å rapportere inn som ein eigen prosess.

Behovet for å ta i bruk den nye registerplattformen i Brønnøysundregistra er stort, bådenår det gjeld å utnytte moglegheitene  plattformen skapar og å kunne etablere ei effektiv utveksling av informasjon. Ei vidare satsing på prosjektet brukarvenlege registertenester, som er eit fleirårig prosjekt, vil gi gevinstar for næringslivet i form av forenkla innrapportering og uthenting av data. Viss eit selskap fører generalforsamlingsprotokoll i eit system som er integrert med Brønnøysundregistra, vil ein kunne oppnå forenkling ved at dei strukturerte dataa dannar grunnlaget for meldingar til registera. Også her kan rapporteringa skje utan utfylling av skjema i ein separat innrapporteringsprosess.

Planlagt utviklingsperiode for prosjektet er 2024-2027, med løpande realisering av gevinstar. Styringsramma er på 399,5 millionar kroner og med ei kostnadsramme på 515 millionar kroner.