- Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er to heilt sentrale aktørar for den kunnskapsbaserte forvaltinga av sjømatnæringa. Samling av verksemdene i eit nytt og moderne bygg vil leggje til rette for at dei kan hjelpe til med å forvalte og utvikle næringa på ein enda betre måte, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Samla forventa estimat for kostnadene for prosjektet er 3,18 milliardar kroner. Regjeringa foreslår ei løyving til forprosjektet på 13 millionar kroner i 2021.

Forprosjektet vil etter planen ta to til tre år. Etter ferdig forprosjekt og kvalitetssikring fremmer regjeringa eventuelt eit forslag til Stortinget om gjennomføring av prosjektet.