– Utslepp av avløpsvatn forureinar norske fjordar. Dette må vi gjere noko med. Derfor foreslår vi nå å styrke statsforvaltarane, slik at dei kan følge opp overfor kommunane, sier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I statbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å styrke statsforvaltarane med 8 millionar kroner. Pengane skal brukast til å styrke arbeidet med avløp over heile landet.

– Fleire stillingar vil gjere statsforvaltaren betre i stand til å utføre viktige og lovpålagde oppgåver, og vil bidra til å hindre negative miljøkonsekvensar, seier Bjelland Eriksen.

Det er eit stort etterslep i avløpssektoren i norske kommunar. I sommar sende regjeringa brev til alle kommunar og statsforvaltarar om avløp og byggestopp. Der understreka regjeringa at kommunane må reinske avløpsvatnet for å kunne bygge fleire bustader.

Statsforvaltaren fekk beskjed om å bruke alle verkemiddel som trengst – både for å stoppe ulovleg forureining og for å få på plass god nok reinsing.