Forsida

Presseinvitasjon:

Regjeringas strategi for persontilpassa medisin blir lansert

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol inviterer til lansering av strategien for persontilpassa medisin på St. Olavs hospital i Trondheim.

Nett-tv Nasjonal strategi for persontilpasset medisin 2023-2030

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tidspunkt: Tysdag 17. januar kl. 14.30 - 15.30

Stad: KA12, store auditorium, 1. etg., Kunnskapssenteret, St. Olavs hospital

Persontilpassa medisin er ei utvikling som allereie pregar helsetenestene og som kjem til å gjere det innanfor fleire fagfelt framover. Regjeringa sin strategi for persontilpassa medisin 2023-2030 bygger på nasjonal strategi for persontilpasset medisin (2017–2021 (PDF), og oppfølginga av denne.

På lanseringsseminaret vil statsråden presentere regjeringa sin visjon for persontilpassa medisin og mål for strategiperioden. Seminaret blir gjennomført som eit ope seminar.

Program

  • Velkomen ved administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF, Stig Arild Slørdahl
  • Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol presenterer strategi for persontilpassa medisin 2023-2030
  • Kommentarar frå:
    • Terje Rootwelt, administrerande direktør i Helse Sør-Aust RHF
    • Toril Hernes, prorektor for nyskaping, NTNU
    • Kristian Hveem, professor ved HUNT forskingssenter
    • Snorre Ness, leiar av regionalt brukarutval i Helse Midt-Noreg
    • Nicolas Vaugelade Baust, nordisk forskningssjef Novartis og leiar av innovativ helseinfrastruktur-utvalet i Legemiddelindustrien (LMI)
  • Avslutning ved administrerande direktør i Helse Midt-Noreg RHF, Stig Arild Slørdahl

Strauming

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS), og du kan sjå sendinga direkte på regjeringa.no. Der kan du også laste ned videofila i etterkant.

DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende arrangementet direkte. Kontaktperson for dette kan du nå på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på nettstadene sine finn embed-kode ved å trykke på «Del video»-knappen i videospelaren på sida.