Regulering av fangst av snøkrabbe i 2026
Pressemelding | Dato: 19.12.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett regulering for fangst av snøkrabbe i 2026. For fartøy med snøkrabbetillatelse er det bestemt å gi ein garantert fartøykvote på 351 tonn, og ein tilleggskvote på 82 tonn til levering av levande snøkrabbe.
-Vi har i år lukka deltakinga i snøkrabbefisket, og for første gongen regulert snøkrabbefangsten på fartøynivå. Gjennom året har vi gjort oss erfaringar med reguleringsopplegget, og på bakgrunn av dette vil det i 2026 verte tildelt garanterte fartøykvotar med 10 prosent overregulering til alle deltakande fartøy frå starten av året. Målet er å ta ned det olympiske fisket, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Ordning for levering av levande snøkrabbe
Avsetjinga til ordninga for levering av levande snøkrabbe aukar frå 10 prosent av totalkvoten i inneverande år til 20 prosent neste år.
- Levande snøkrabbe har aukande interesse i asiatiske marknader, og marknadstilgangen til Kina representerer eit enormt potensial for norske eksportørar. Ordninga har fungert godt i år, og det har vorte landa meir levande snøkrabbe enn avsetjinga. Dette har vore svært positivt for landindustrien. Eg signaliserte i fjor at vi ville vurdere om avsetjinga burde aukast i framtida. Snøkrabba har bidratt til stor aktivitet og fleire som investerer på land, og difor aukar vi òg avsetjinga til neste år, seier Næss.
I motsetning til i år vil ordninga for levering av levande snøkrabbe ikkje bli gjennomført som ei påmeldingsordning, men fungere som ein tilleggskvote.
Avsetninga til levering av levande snøkrabbe skal ikkje refordelas, dette for å gi mest mogleg ro kring fangsten, ta ned graden av olympisk fiske, og for å leggje til rette for at det kan leverast levande snøkrabbe òg i desember månad.
Totalkvote og avsetjingar
Nærings- og fiskeridepartementet fastsette tidlegare i haust ein totalkvote på 12 336 tonn snøkrabbe for fangst på norsk kontinentalsokkel i 2026. Av totalkvoten er det vedteke å avsetje 300 tonn til forsking på snøkrabbe. Avsetjinga på 20 prosent av totalkvoten til ordninga for levering av levande snøkrabbe svarar til 2460 tonn i 2026.
Kvotefleksbestemmelsen på 10 prosent er gjeninnført frå reguleringsåret 2026/2027.
Fredningsperiode og utkastforbod
Det vert ikkje gjort endringar i fredningsperioden, som gjeld frå 1. juli til 30. november. Det vert innført utkastforbod for død og døyande snøkrabbe og all snøkrabbe over minstemål.
Elles er reguleringa frå 2025 vidareført.