Regulering av fisket etter kolmule i 2026
Pressemelding | Dato: 19.12.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
I kyststatsforhandlingane om kolmule tidlegare i haust vart det semje om å fastsetje ein totalkvote (TAC) på 851 344 tonn kolmule i 2026. Dette er i tråd med rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES).
Noreg har sidan 2016 halde seg til ein kyststatsdel på 26,245 prosent av totalkvoten. I 2026 kan norske fartøy fiske 238 736 tonn kolmule.
Den 13. desember 2024 inngjekk Noreg og Færøyane ein avtale om soneadgang som gir norske fartøy høve til å fiske 148 985 tonn kolmule i færøysk farvatn i 2026.
I tillegg kan norske fartøy fiske 47 905 tonn i EU-sonen i 2026.
- Reguleringa av kolmule har fungert godt i dei seinare åra. Den bidreg både til stabilitet og er føreseieleg for næringa, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Det er sett av 30 tonn til forskingsføremål i 2026. Norsk totalkvote blir fordelt etter same fordelingsnøkkel som tidlegare. Det vil seie 78 prosent til gruppa som fiskar med kolmuletrål, og 22 prosent til pelagisk- og nordsjøtrål.
Reguleringa av fisket etter kolmule i 2026 er i hovudsak ei vidareføring av reguleringa for 2025.