Departementet gjer framlegg om éi felles lov om særavgifter som skal gjelde for alle dei særavgiftene som Finansdepartementet og Skatteetaten har ansvaret for.

Framlegget inneber at sentrale særavgiftsreglar blir flytta frå forskrift til lov og at fritak for avgift blir flytta frå stortingsvedtak til lov. Dei meir detaljerte og tekniske reglane om avgiftene skal fastsetjast i forskrift, slik om i dag.

Dei siste ti-åra har stor delar av skatte- og avgiftsregelverket blitt revidert. Revisjon av særavgiftsregelverket sluttfører dette arbeidet.

Framlegget er ein teknisk revisjon og er i all hovudsak utan materielle endringar.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 1. desember 2025.