Statsbudsjettet 2026
Rjukan-Notodden industriarv får auka støtte
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa foreslår å auke Riksantikvaren sin tilskotspost til verdsarv med 10 millionar kroner i statsbudsjettet for 2026. Auken skal styrkje arbeidet med å ta vare på dei norske verdsarvområda og sikre at Noreg oppfyller forpliktingane sine etter Unescos verdsarvkonvensjon.
– Verdsarven er menneska si felles arv, og Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på våre område. Med denne auken viser vi at vi tek dette ansvaret på alvor, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
For 2026 er auken øyremerkt verdsarvområdet Rjukan-Notodden industriarv, som har eit vedlikehaldsetterslep og melder om aukande behov for tiltak. Styrkinga på 10 millionar kroner skal bidra til å ta vare på verdsarvverdiane. Den foreslåtte auken av tilskotsposten er varig, med formål å bidra til målet om at den norske verdsarven er beste praksis i natur- og kulturmiljøforvaltning.
Regjeringa har foreslått ei samla løyving på 66,8 millionar kroner på posten. I revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart det løyvd 5 millionar kroner til restaureringstiltak for Tinnsjøferjene Ammonia og Storegut, som inngår i verdsarvområdet.
– Rjukan-Notodden industriarv er eit unikt vitnemål om norsk industrihistorie. Vi veit at det er store utfordringar knytt til vedlikehald og bevaring, og difor er denne prioriteringa viktig som bidrag til å sikre framtida til området, seier Eriksen.