Statsbudsjettet 2027
Satsar internasjonalt
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
Regjeringa vil styrke arbeidet med næringsfremme i utlandet. Eksportarbeidet til Innovasjon Noreg og Eksfin får ein tydelegare profil, og alle verkemiddel for næringsfremme blir samla i Nærings- og fiskeridepartementet.
– Vi lever i ei tid med aukande proteksjonisme, krig og handelshinder. Samtidig skal økonomien omstillast. Det betyr at vi må vere tettare på marknadene ute. Ei styrkt satsing på næringsfremme er viktig for at fleire norske verksemder skal kunne ha god marknadstilgang, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Eit konkurransedyktig og internasjonalt retta næringsliv, og tilgang til internasjonale marknader, er avgjerande for eit produktivt næringsliv. Dette er regjeringa sitt forslag til styrkt innsats for næringsfremming i 2027:
- 395 millionar kroner til Business Norway, eksportarbeidet og utanlandskontora til Innovasjon Noreg.
- Fleire årsverk for å støtte oppfølginga til næringsministeren av prioriterte eksportmarknader.
- Samling av alle verkemiddel for næringsfremme i eitt departement.
- Tydelegare kommunikasjon om Eksfin med nye målformuleringar. Lån og garantiar frå Eksfin skal hjelpe verksemder i Noreg med å:
-
- produsere meir for eksport
- vinne fleire eksportkontraktar
Forsking viser at verksemder som importerer, eksporterer eller investerer i utlandet, har høgare produktivitet enn andre verksemder. Denne høge produktiviteten strekker seg ofte vidare til underleverandørar, kundar og konkurrentar.
– Eit internasjonalt retta næringsliv som lærer av og konkurrerer med verksemder i verda rundt oss, er særleg relevant i ein liten og open økonomi som den norske, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Med denne eksportpakken kan næringslivet byrje å legge planane for kundejakt i 2027. Næringsministeren er klar for nye reiser og å opna fleire dører for næringslivet.
– Eg vil at norsk næringsliv skal tore å satse internasjonalt. Kongehuset og regjeringa hjelper gjerne gjennom våre reiser knytte til næringsfremme, men då må bedriftene også bruke Innovasjon Norge og Eksfin, sier Myrseth.
Fakta
- Regjeringa foreslår ei løyving på 395 millionar kroner til eksportoppdraget til Innovasjon Noreg, som skiftar namn til Business Norway for å tydeleggjere føremålet med løyvinga.
- Regjeringa samlar arbeidet med næringsfremme og internasjonalisering av norsk næringsliv i Nærings- og fiskeridepartementet. Slik skal oppfølginga av prioriterte marknader bli styrka.
- Ansvaret for statlege midlar til næringslivsaktivitetar ved norske utanriksstasjonar blir samla i Nærings- og fiskeridepartementet gjennom overføring av 20 millionar kroner frå Utanriksdepartementet.
- Statstilskotet til Norwegian Energy Partners (NORWEP) er flytta til Nærings- og fiskeridepartementet for å samle dei eksportretta verkemiddelaktørane i eitt departement. Regjeringa føreslår eit tilskot til NORWEP på 40 millionar kroner for 2027. NORWEP tilbyr tenester som fremmer norsk energinæring internasjonalt, og har som mål å vinne kontraktar for norske energiverksemder i utlandet.
- Tydelegare kommunikasjon om Eksfin med nye målformuleringar. Lån og garantiar frå Eksfin skal hjelpe verksemder i Noreg med å:
-
- produsere meir for eksport
- vinne fleire eksportkontraktar.