Jordbruksoppgjeret 2018:

Staten og jordbruket inngår jordbruksavtale

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er tilfreds med at eit samla jordbruk inngår jordbruksavtale med staten. – Vi hadde eit svært godt utgangspunkt for å kome til semje, og eg er glad for at vi nå har fått ein avtale som følgjer opp prioriteringane i statens tilbod. Det styrker norsk matproduksjon, seier Dale. Avtalen med jordbruket inneber ei ramme på 1,1 milliardar kroner.

Nett-tv Avklaring i jordbruksforhandlingene 2018

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, Lars Petter Bartnes, jordbrukets forhandlingsleder og leder i Norges Bondelag, og leder i Norsk Bonde og Småbrukarlag Merete Furuberg.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale, jordbrukets forhandlingsleder og leder i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, og Merete Furuberg leder i Norsk Bonde og Småbrukarlag. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Krevjande utgangspunkt

Kostnadsauke, overproduksjon og ein marknad som er ute av balanse, har gjort jordbruksforhandlingane langt meir krevjande enn på mange år.
– Årets jordbruksavtale styrker norsk matproduksjon og bidreg til eit aktivt landbruk over heile landet. Regjeringa har fått aksept for viktige prioriteringar som har styrka grunnlaget for auka inntekter i produksjonar med marknadsmoglegheiter. Vi har også fått prioritert distriktsjordbruket, sjølv om avtalen har ein noko svakare distriktsprofil enn statens opphavelege tilbod, seier landbruks- og matminister Dale.  

Samla sett inneber avtalen ei vesentleg styrking av økonomien i kornproduksjonen og frukt- og grøntsektoren. I tillegg har staten prioritert høgt å styrke økonomien for Vestlandsbonden. For å bidra til betre marknadsbalanse og ein produksjon tilpassa etterspørselen har staten imøtekome jordbrukets ønskje om betre mogligheiter for marknadsregulering. Staten har også kome jordbruket i møte på kravet om meir begrensa auke i kraftfôrpris, betre velferdsordningar og ei løysing for område med driftsvanskar. Det blir heller ikkje auke i botnfrådraget. Det er semje med jordbruket i at det ikkje blir innvilga investeringsstøtte til sauefjøs i 2019.  

Avtalen partane har inngått gjev grunnlag for ein inntektsutvikling i jordbruket på 3,5 prosent frå 2018, før oppgjer til 2019. Det er det same som prognosane for lønnsmotakarar.

– Eg vil gje ros til jordbrukets organisasjoner for at dei har klart å finne balansen mellom ulike landbrukspolitiske mål, utan å einsidig leggja vekt på inntektsmålet. Betra marknadsbalanse vil i åra framover vera den viktigaste forutsetninga for positiv inntektsutvikling for den norske bonden, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Avtale i tråd med Stortingets føringar

Stortinget har vedteke ein jordbrukspolitikk med fire overordna mål: Mattryggleik og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Regjeringa har vore opptatt av å nå desse måla på ein mest mogleg effektiv måte, og det vil denne avtala bidra til seier Dale.

Til toppen