Regjeringa gjennomførte i 2024 ei halvering av maksimaltakstane i dei nye FOT-ruteavtalane. I tillegg blei kapasiteten styrka, og dei to nye rutene Kirkenes-Tromsø og Stord-Oslo blei inkludert i ordninga. Dei nye avtalane tredde i kraft 1. april og 1. august 2024.

Regjeringa vidarefører dei nye tiltaka i 2025. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 492,5 millionar kroner frå saldert budsjett 2024, som i hovudsak er heilårseffekt av dei nye avtalane. Totalt foreslår regjeringa å løyve 2,4 milliardar kroner til kjøp av regionale flyruter, dei såkalla FOT-rutene, i 2025.

– Luftfarten er avgjerande for å sikre befolkninga i heile landet tilgang til helsetenester, utdanning og andre offentlege tenester, effektive arbeidsreiser, privatreiser, moglegheiter for utvikling av reiselivsnæringa, og frakt av post og tidskritiske varer. Dette gjeld ikkje minst i distrikta, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.