Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte Cold Response

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren besøkte søndag 27. mars Bardufoss der den norske militærøvinga Cold Response pågår. Allierte og partnernasjonar deltek på øvinga som vert gjennomført 14.-31. mars 2022.

Statsminister Jonas Gahr Støre hilser på fagmilitære på Cold Response-øvelsen i Bardufoss.
Statsminister Jonas Gahr Støre på Cold Response-øvelsen i Bardufoss 27. mars 2022. Foto: Eskil Andreas Kjønstad Skjerve / Forsvaret

– Noreg har ein lang tradisjon som vertskap for større allierte og multinasjonale militære øvingar i eit krevjande arktisk klima. Cold Response 2022 er viktig for å teste dei allierte styrkane si evne til å forsterke Noreg i krise og krig, og vår evne til å ta imot og integrere desse styrkane som ein del av vårt eige nasjonale forsvar. Rask innsetting av allierte styrkar i krise og krig fordrar at styrkane er kjent med og trent i geografi og klimatiske forhold, og evner å operere saman med norske styrker, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Statsministeren starta besøket sitt hjå Hæren der han fekk ei orientering om rolla til Nasjonalt landoperasjonssenter. Deretter besøkte han Artilleribataljonen og fregatten Thor Heyerdahl som deltek under øvinga. Deretter blei det omvisning på feltsjukehuset til sanitetsbataljonen før dagen blei avslutta hjå dei amerikanske styrkane i nærområdet, US Marine Corps.

– Den russiske invasjonen av Ukraina og den spente sikkerhetspolitiske situasjonen i Europa som følgje av det, understreker kor viktig Cold Response er, og kor viktig det er med alliert samhald og forsterking av Noreg, seier statsministeren.