Statsministeren besøkte Sunnfjord

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte i dag Sunnfjord kommune der han starta dagen med å opne Jølstra kraftverk. Han besøkte også Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde, bedrifta SumTrans som bidreg til at unge får kome seg i arbeid og BUA Sunnfjord som er ein utstyrssentral der ein kan låne fritidsutstyr gratis.

Statsminister Jonas Gahr Støre opnar Jølstra kraftverk
Foto: Ingrid B. Myklebust / Statsministerens kontor

– Det er ei glede for meg å få opne dette kraftverket. Det skal produsere straum tilsvarande forbruket til rundt 12 500 husstandar. Dette viser at skånsom vasskraftutbygging er mogleg, utan for store synlege inngrep i naturen. Ein må nesten kome inn i anlegget for å sjå det, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Kraftverket er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane energi og Eviny. Anlegget har mellom anna ei spesialdesigna rist som sikrar at fisk kan sleppe forbi anlegget og ein spesialbygga terskel som gjer at at ein kan rafte over.

Snakka med 17-åring om psykisk helse

Statsministeren besøkte også Helse Førde og Psykisk helsevern for barn og unge, BUP. Der møtte han mellom anna ein 17 år gamle Halvor Strømsli og mor hans Ingunn-Nina som fortalde om sine erfaringar med behandlingstilbodet i barne- og ungsomspsykiatrien i Helse Førde. Halvor sit no i ungdomsrådet til Helse Førde.

– Psykisk helse er blant regjeringas viktigaste satsingsområde. Vi jobbar for at fleire skal oppleve god psykisk helse og livskvalitet, og at dei som har psykiske helseplager skal få god og lett tilgjengeleg hjelp. Eg er veldig glad for å høyre at Helse Førde er opptatt av å gi tidleg hjelp, og spesielt glad for samtale med unge om psykisk helse, seier statsministeren.

Statsminister Jonas Gahr Støre prøver seg som renovasjonsarbeider
Foto: Ingrid B. Myklebust / Statsministerens kontor

Fekk køyretur med renovasjonsbil

Statsministeren fekk også besøke bedrifta SumTrans bistår Sunnfjord Miljøverk med innsamling av avfall. SumTrans har tatt inn fleire unge som har kome i arbeid gjennom eit prosjektsamarbeid med NAV og Helse-Vest. Under besøket fekk statsministeren ein køyretur med Andre Kalstad som nyleg har fått fast jobb i SumTrans. Statsministeren fekk også prøve å stå bakpå renovasjonsbilen.

– At arbeidslivet er ope og inkluderande er veldig viktig, og særleg er det viktig å få unge menneske ut i arbeid og aktivitet. Det er inspirerande å sjå korleis dei her på SumTrans jobbar med dette. Vi foreslår å styrke innsatsen med Individuell jobbstøtte og vi innfører ein ny ungdomsgaranti i NAV i 2023 for å sikre at unge som treng hjelp til å kome i arbeid får rask og tett oppfølging, seier Støre.

Vil styrke tilskot til inkludering av barn og unge

Hjå BUA Sunnfjord fekk statsministeren sjå utstyret dei har tilgjengeleg til utlån. Han møtte også blant andre eit ungt par frå Ukraina som har nytta seg av tilbodet. Dei fortalde korleis det å låne syklar hos BUA har gjort det lettare for dei å kome seg på norskkurs og ta seg rundt på ein ny stad.

– I ei tid med høg prisvekst og auka utgifter for mange familiar, kan mangel på utstyr vere ei årsak til at barn og unge ikkje får delta. Eg er glad for at vi foreslår å styrke utstyrssentralane fordi eg trur det bidreg til inkludering og hindrar at personar er utanfor grunna dårleg økonomi. I tillegg er det meir berekraftig enn at alle skal kjøpe sitt eige utstyr, seier statsministeren.