Joint Expeditionary Force (JEF) er eit tryggingssamarbeid mellom ti nordeuropeiske land. JEF-samarbeidet omfattar Storbritannia, Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Sverige og Noreg. Førre toppmøte blei arrangert i Oslo i mai 2025.

Frist for presseakkreditering er fredag 20. mars. Sjå meir informasjon frå finske styresmakter.

Kva er Joint Expeditionary Force?

  • JEF er eit militært og tryggingspolitisk rammeverk for praktisk og fleksibelt samarbeid mellom nordeuropeiske land.
  • JEF skal utfylle Nato-samarbeidet, styrke felles tryggleik i nærområda våre og byggje opp under vår felles forsvarsevne.
  • Forhaldet til Nato er sentralt for JEF-landa. Samarbeidet i JEF utfyller samarbeidet i Nato.
  • På militært nivå skal JEF vere ein fleksibel forsvarsstyrke som kan støtte landa raskt i ein krisesituasjon.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, mobil 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.