Statsministerens program veke 14
Pressemelding | Nr: 66/22 | Dato: 02.04.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 4. april
Statsministeren besøkjer Sandefjord, Nøtterøy og Sande.
Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer Byskolen i Sandefjord. Temaet er korleis ukrainske born blir tatt imot på skulen. Adresse: Skolegata 4, Sandefjord.
Kl. 10.45: Statsministeren besøkjer Bjertnæs & Hoel på Nøtterøy. Temaet er korleis legge til rette for meir matproduksjon. Adresse: Øvre Smidsrødvei 23, Smidsrød.
Kl. 12.45: Statsministeren har eit møte med Holmestrand kommune og frivilligheita i Sande. Temaet er korleis dei skal koordinere frivilligheita for å ta imot ukrainske flyktningar. Adresse: Revåveien 2, Sande og Magna Ottersensvei 5, Sande.
Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Tysdag 5. april
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Stockholm.
Kl. 08.15: Møte med svensk næringsliv om grøn omstilling.
Kl. 11.15: Møte med leiinga i Wallenberg-konsernet om grøn industriutvikling.
Kl. 12:00: Møte med statsminister Magdalena Andersson. På dagsordenen for møtet står mellom anna krigen i Ukraina og konsekvensane av denne, sikkerheit og forsvar, samarbeid om næringsutvikling og grøn omstilling, og erfaringar frå pandemien.
Kl. 13.45: Felles pressetreff med moglegheit for fysisk og digital deltaking.
Kl. 14.30: Audiens hos H.M. Kong Carl XVI Gustaf av Sverige.
Akkrediteringsfristen er gått ut.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.
Onsdag 6. april
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol inviterer barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsråd til nasjonalt innspelmøte om opptrappingsplan for psykisk helse. Statsministeren og helse- og omsorgsministeren er tilgjengelege for media ca. kl. 11.15. Adresse: Nationaltheateret konferansesenter, Haakon VIIs gate 9, Oslo. Fleire detaljar i eiga pressemelding.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Kl. 11.45: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Estlands statsminister Kaja Kallas. Samtalen finn stad i statsministerbustaden. Tema for møtet er mellom anna krigen i Ukraina, sikkerheit og forsvar og grøn energiomstilling. Det vert fotomoglegheit ved møtestart. Presse som ønskjer å ta bilete blir bedt om å møte kl. 11.15 i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.
Det blir eit pressemøtet ca. kl. 13.20. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.45. Presse kan akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 6. april kl. 09.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Fredag 8. april
Kl. 14.00: Statsministeren opnar påskesentralen til Røde Kors. Adresse: Hausmannsgate 7, Oslo.
Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.