Statsministerens program veke 2

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 10. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet på partikontoret.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Veke 3

Tysdag 18. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stockholm for samtalar med Sveriges statsminister Magdalena Andersson. Gahr Støre vil òg møte svensk næringsliv for å snakke om grøn omstilling. Det kjem meir informasjon om programmet seinare.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Veke 4

Sundag 23. – onsdag 26. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre er i New York i samband med at Noreg leiar arbeidet i FNs tryggingsråd i januar 2022. Tysdag 25. januar skal statsministeren leie møte i tryggingsrådet om urban krigføring og vern av sivile. Onsdag 26. januar skal han leie møte om FNs politiske oppdrag i Afghanistan (UNAMA). Gahr Støre skal òg ha anna program, mellom anna med norsk nærings- og kulturliv. Det kjem meir informasjon om det endelege programmet seinare.

Presse som er interessert i å dekkje saka, blir beden om å kontakte presseråd ved FN-delegasjonen i New York, Astrid Sehl, telefon +1 6466429910, e-post astrid.sehl@mfa.no. Akkrediteringsfrist for tilgang til FN er onsdag 12. januar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.