Statsstipend blir tildelt etter søknad og innstilling frå Kulturdepartementet. Stipendet gjeld til stipendiaten når pensjonsalder ved fylte 67 år.

Evy Johanne Håland (f. 1957)

Håland har hovudfag i antikkhistorie og pedagogisk eksamen ved UiB (1990). Ho disputerte i 2005, med doktoravhandlinga Greske fester, Moderne og Antikke: En sammenlignende undersøkelse av kvinnelige og mannlige verdier. Dette er ein samanliknande analyse av viktige religiøse festar og livsfaseritual i dagens og antikkens Hellas, og syner kva kultar knytt til den greske kvinnesfæren har hatt å seia, og tilhøvet til den offisielle mannsdominerte ideologien. I tillegg tar avhandlinga opp tilhøvet mellom storsamfunnet og småsamfunnet, offisiell religion og folkereligion. Arbeidet hennar med å syne kultisk kontinuitet mellom antikkens og dagens Hellas, er eit bidrag både i antikkstudiar, historie, religionsvitskap, etnologi og sosialantropologi. Ho er ein internasjonalt orientert forskar og hennar tverrfaglege tilnærming er eit viktig bidrag, både i norsk og internasjonal kontekst.

Bjarte Bruland (f. 1969)

Bjarte Bruland er cand. philol i historie. Han er både pioner og pådrivar i arbeidet med å synleggjera lagnaden åt den norske jødiske minoriteten under okkupasjonen.  I meir enn 20 år har Bruland utvikla ein database over dei nesten 2200 jødane som var busette i landet ved den tyske invasjonen. I 2017 gav han ut boka Holocaust i Norge – registrering, deportasjon, tilintetgjørelse. Han har medverka i oppbygginga av Jødisk Museum og tatt del i det offentlege ordskiftet i fleire tiår. Hans forsking og formidling er viktige bidrag slik at dette mørke kapitlet i soga vår ikkje blir gløymt.