Store ekstrainntekter for kommunane - her finn du oversikt over skatteinnbetaling i din kommune i 2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunesektoren fekk ein rekordhøg inntektsvekst, som følgje av ekstra skatteinnbetaling på nær 35 milliardar kroner i 2022. Av dette får kommunane behalde nær 23 milliardar kroner. No kan du sjå kor mykje pengar din kommune sitt att med.

– Skatteutjamninga i inntektssystemet gjer at alle tek del i den ekstra inntektsveksten. Dette er gledelege tal for innbyggarane i alle kommunane i Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Vi har no oversikt over korleis inntektsveksten slår ut i dei ulike kommunane:

For meir informasjon om bakgrunnen for inntektsveksten, sjå pressemelding: Sterk inntektsvekst for kommunane.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00