Sterk inntektsvekst for kommunane i 2022

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nye tal viser at kommunane fekk ein ekstra skattevekst på nær 35 milliardar kroner i 2022. Av dette får kommunane behalde 22,8 milliarder kroner. Det er det høgaste talet nokosinne. – Dette er veldig gledelege tal, som mellom anna skuldast at fleire har fått høgare inntekt og at fleire har kome i arbeid. Skatteutjamninga i inntektssystemet gjer at alle tek del i meirskatteveksten. Dei auka inntektene vil bidra til å sikre gode tenester nær folk i heile Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Statistisk sentralbyrå publiserte torsdag 19. januar rekneskapstal for inntektene til kommunesektoren frå skatt på inntekt, formue og naturressursskatt i 2022. Desse skatteinntektene utgjer om lag 40 prosent av inntektene til kommunane. Dei ferske tala viser at skatteinngangen i 2022 for kommunesektoren vart rundt 265,4 milliardar kroner.

– Kommunane disponerer midlane fritt. For mange kommunar vil ein stor del av dei ekstra skatteinntektene gå med til å dekke opp for ein høg kostnadsvekst. Likevel vil sektoren venteleg sitte at med fleire milliarder kroner i auka handlingsrom i 2022, i tillegg til den veksten som regjeringa allereie hadde lagt til rette for i budsjettet for 2022, seier Gjelsvik. 

Meirskatteveksten i 2022 skyldast truleg fleire forhold utover fleire sysselsette og høgare personinntekter. Kommunane har hatt store uventa forskot- og restskattar som følgje av høge kapitalinntekter i 2021.

Ein stor del av meirskatteveksten er ekstraordinære skatteinntekter i 2022, som ikkje gjev grunnlag for varig høgare skatteinntekter. Samla vart meirskatteveksten i 2022 på 34,9 milliardar kroner i 2022 samanlikna med Saldert budsjett 2022. Sett opp mot anslaga i Nasjonalbudsjettet for 2023 er meirskatteveksten om lag 11,5 milliardar kroner.

Departementet vil legge ut kommunevise tal før og etter skatteutjamning i 2021 og 2022.


Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no