Statsbudsjettet 2027
Storsatsing på realfag og teknologi
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa held fram satsinga på realfag og teknologi og foreslår mellom anna å løyve pengar til ingeniørutdanningar, kjemiforsking, romforsking, kvanteteknologi og vidare framdrift på Realfagshøgda ved Universitetet i Bergen.
– Vi treng sterke fagmiljø og fleire menneske med rett kompetanse innanfor realfag og teknologi for å sikre norsk verdiskaping og konkurransekraft. Derfor styrker regjeringa desse fagområda i 2027-budsjettet, samtidig som vi held oppe arbeidet med ein ny nasjonal strategi for realfag og teknologi, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).
I 2027-budsjettet tar regjeringa fleire grep for å styrke tilgang til denne kompetansen:
120 millionar kroner til treårig ingeniørutdanning
Regjeringa foreslår 120 millionar kroner til alternative opptaksvegar til treårige ingeniørutdanningar. Målet er å styrke rekruttering og kvalitet i utdanningane gjennom mellom anna forkurs og Y-vegen. Dette er alternative opptaksvegar for dei som manglar realfag frå vidaregåande eller har yrkesfagleg bakgrunn. Erfaringar viser at desse opptaksvegane har bidratt til å rekruttere fleire, og at studentar med slike opptaksgrunnlag i høg grad gjennomfører utdanninga si.
– Både offentlege og private arbeidsgivarar slit med å få tak i nok ingeniørar, og vi ser at det er eit stort behov for ingeniørkompetanse i åra som kjem. Med denne satsinga på alternative opptaksvegar legg vi til rette for at fleire kan komme inn i og gjennomføre ingeniørutdanningar, seier Fugelsnes.
25 nye studieplassar og 295 millionar til forskingsinfrastruktur for kvanteteknologi
Noreg skal hevde seg i det internasjonale kappløpet om kvanteteknologi. Regjeringa foreslår 295 millionar kroner til forskingsinfrastruktur og testfasilitetar for kvanteteknologi, for forskingsmiljø og offentlege og private verksemder.
Deler av løyvinga kan brukast til å støtte etablering av eit nordisk senter for kvantesensorar i samarbeid med norske forskingsaktørar, næringsliv og nordiske partnarar.
Regjeringa foreslår også 25 nye studieplassar i kvanteteknologi ved Universitetet i Bergen.
Satsinga på kvanteteknologi er viktig for beredskap, tryggleik og verdiskaping. Målet er å styrke norsk konkurransekraft og teknologisk utvikling. Norske miljø må både kunne utføre og ta i bruk ny forsking, bidra til innovasjon og styrke cybertryggleik og forsvar.
– Kvanteteknologi er eitt av teknologiområda regjering løftar fram som viktige for framtida og for å løyse framtidas utfordringar. Noreg må utvikle nok kompetanse til å kunne utnytte teknologien og bygge opp dei forskingsmiljøa som allereie eksisterer, seier Fugelsnes.
Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for kvanteteknologi som skal omfatte mellom anna forsking, innovasjon, næringsutvikling og internasjonalt samarbeid.
333 millionar kroner til ei satsing på livsvitskap
Regjeringa foreslår 333 millionar kroner til ei satsing på livsvitskap, inkludert bioteknologi og nevroteknologi, i tillegg til kjemi som er eit viktig grunnlagsfag for desse fagområda.
Bioteknologi og nevroteknologi kan bidra til viktige løysingar innanfor helse, mat, miljø og energi, og ei evaluering frå 2024 viste at Noreg har behov for å styrke og sikre fagmiljøa i kjemi.
40 millionar til romforsking
Regjeringa foreslår 40 millionar kroner til ei forskings- og innovasjonssatsing på romteknologi. Pengane blir fordelt likt mellom NTNU, UiO, UiB og UiT. Løyvinga blir trappa opp til 80 millionar kroner frå og med 2028.
80 millionar kroner til Realfagshøgda
Fysikkbygget og kjemibygget ved Universitetet i Bergen er frå 60- og 70-talet, og har store behov for oppgradering. I 2027-budsjettet foreslår regjeringa 80 millionar kroner til vidare framdrift av prosjektet Realfagshøgda. Prosjektet er no i ei avklaringsfase.
– Realfagmiljøet ved Universitetet i Bergen er viktig for Noreg. Dei har ein nasjonal spisskompetanse som må takast vare på i ei tid der vi treng meir kompetanse på viktige fagområde som klima og miljø, energi, kunnskap om hav, nye teknologiar som KI, kvanteteknologi og nanoteknologi. Difor kjem Arbeiderparti-regjeringa no med ei viktig avklaring for Realfagshøgda i Bergen seier Fugelsnes.
Regjeringa foreslår også fleire forskings- og innovasjonssatsingar innanfor realfag og teknologi: